Take Me to the Pilot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Take Me to the Pilot» er ein rockesong av Elton John med tekst av Bernie Taupin frå albumet Elton John i 1970.
Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet med «Your Song» som B-side. Begge vart spelt på radio, men då «Your Song» vart føretrekt av programleiarane vart han gjeven ut på ny som A-sida på singelen. Singelen nådde etter kvart listene i både Storbritannia og USA.
Songen vart spelt fast på konsertane til Elton John og finst på mange konsertalbum.
Mange andre artistar har òg spelt inn songen som José Feliciano, Buzzy Linhart, Ben E. King, Odetta, Nate Hopkins, Al Jarreau og Gloria Loring. The Who spelte songen på Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin. I 1983 spelte Kikki Danielsson songen på albumet sitt Singles Bar.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads