Tamnava
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tamnava (serbisk Тамнава) er ei elv vest i Serbia. Ho er 90 km lang og ei sideelv til Kolubara frå venstre.
Tamnava spring ut frå fleire småelvar ved åsen Konjsko brdo (Коњско брдо; 'Hesteåsen') på nordsida av fjellet Vlašić, nordvest for byen Valjevo. Ved landsbyen Kamenica gjer elva nesten ein total sirkel og kjem berre ein kilometer frå den fjernaste kjeldeelva si. Tamnava munnar ut i Kolubara sør for Beograd.
Tamnava drenerer eit område på 930 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads