Tamra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tamra
Remove ads

Tamra (arabisk طمرة, hebraisk טַמְרָה eller תַמְרָה) er ein arabisk by i Nord distrikt i Israel i Nedre Galilea, 5 km nord for byen Shefa-'Amr og kring 20 km aust for Akko. Namnet Tamra tyder daddelpalmearabisk. Det er eit vanleg bynamn gjennom den arabiske verda.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Tamra vart erobra av israelske styrkar frå Den arabiske frigjeringshæren og den syriske hæren i den arabisk-israelske krigen i 1948 som ein del av Operasjon Dekel. Den 20. mai 1948 vart den sivile folkesetnaden evakuert etter ordre frå arabiske irregulære styrkar. I følgje Benny Morris var det frykta at landsbyen skulle overgje seg til Yishuv.[1] Byen voks raskt dei første åra på grunn av mange palestinske flyktningar som flytta hit frå øydelagde landsbyar som al-Birwa eller al-Damun. Store jordbruksområde kring byen vart konfiskert av israelske styresmakter og gjeve til gardskollektiv og nærliggande jødiske busetnader som Mitzpe Aviv. Tamra fekk lokal kommunestatus i 1956 og bystatus i 1996.

Byen er kjend for det store meieriet «Rajeb-Tamra», som har ein viss del av meierimarknaden i Israel, særleg i den arabiske sektoren.

Remove ads

Demografi

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen på slutten av 2007 eit folketal på 27 300.[2] I 2001 bestod byen nesten utelukkande av arabarar (99,6% muslimar), utan noko signifikant jødisk folkesetnad.

Idrett

Fotballaget i byen er Hapoel Bnei Tamra og spelar i dag i Liga Artzit, det tredje nivået i israelsk fotball. Mindre klubbar er Hapoel Tamra og Maccabi Tamra, som spelar i Liga Bet, det femte nivået.

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads