Tangled
animert langfilm frå 2010 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tangled (norsk tittel: To på rømmen) er ein USA-amerikansk dataanimert eventyrfilm frå 2010, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han er den 50. animerte langfilmen frå Disney og er inspirert av det tyske eventyret Rapunsel frå samlinga av folkeeventyr publisert av Grimm-brørne. Originalutgåva av filmen har stemmeskodespelarar som Mandy Moore, Zachary Levi og Donna Murphy. Han fortel historia om ei bortkomen ung prinsesse med magisk langt blondt hår som lengtar etter å forlate eit avsides tårn. Mot viljen til mora si, tek prinsessa imot hjelp frå ein inntrengar til å ta henne med ut i verda, som ho aldri tidlegare har fått oppleve.
Før utgjevinga av filmen vart tittelen endra frå Rapunzel til Tangled. Filmen var under utvikling i seks år til ein kostnad estimert til 260 millionar dollar, som ville ha gjort han til den dyraste animerte filmen noko sinne.[7] Filmen nytta ein unik kunstnarisk stil som blandar element frå dataanimert grafikk og tradisjonell animasjon, samstundes som han bruker ei ikkje-fotorealistisk attgjeving for å skape inntrykk av eit måleri. Komponisten Alan Menken, som hadde arbeidd på tidlegare Disney-produksjonar, returnerte for å instrumentere Tangled.
Tangled hadde premiere på El Capitan Theathre den 14. november 2010, og vart ålment utgjeven i USA den 24. november same året. Filmen tente inn 591 millionar dollar frå billettsal verda over, 200 millionar av dette tent inn i USA og Canada. Filmen vart nominert til fleire prisar, inkludert «Best Original Song» under den 83. Oscar-utdelinga.[8] Filmen vart utgjeven på Blu-Ray og DVD 29. mars 2011. Kortfilmen Tangled Ever After vart utgjeven seinare i 2012 og ein fjernsynsserie basert på filmen hadde premiere i 2017.
Remove ads
Handling
Ein gong for lenge sidan, fall ein drope av sollys ned på Jorda som fekk ein magisk blome til å gro, med eigenskapar til å lækje sjukdom, forfall og skade. I hundrevis av år vart denne blomen nytta av Mother Gothel til å halde henne ung, fram til soldatar frå eit nærliggjande kongedøme fann blomen og bruker han til å lækje si sjuke dronning. Kort etter set dronninga prinsesse Rapunzel til verda. Gothel, som prøver å få blomen tilbake, oppdagar at det gylne håret til Rapunzel inneheld dei magiske eigenskapane til blomen. Ho prøver å stele håret til Rapunzel, men oppdagar at å kutte håret øydelegg krafta i det. Gothel bortfører ungen og sedar henne opp som si eiga dotter i eit isolert tårn. Ein gong i året, sender kongen og dronninga ut svevande lanterner på fødselsdagen til Rapunzel, i håp om at dottera deira skal sjå dei og kunne vende tilbake.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads