Taquile

From Wikipedia, the free encyclopedia

Taquile
Remove ads

Taquile (spansk Isla de Taquile, uttalt [ˈisla ðe taˈkile]; quechua Intika) er ei øy på den peruanske sida av Titicacasjøen, 45 km utanfor kysten av byen Puno i det sørlege Peru.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Det bur vel 2000 menneske på øya, som er omlag 5,5 x 1,6 kilometer stor. Titicacasjøen ligg 3812 meter over havet (moh) og ein av dei høgasteliggande innsjøane i verda. Høgaste punktet på øya Taquile er på vel 4000 moh.[1] Øya er bilfri, og straumen, som er avgrensa, kjem frå eit solcellepanel som øybuarane har i fellesskap.

UNESCO har listeført det tradisjonelle tekstilhandverket på øya som immaterielle kulturarv.[2] Menn og kvinner samarbeider om tekstilproduksjonen. Kvinnene fargar, spinn og vever ulla. Dei vever mellom anna kalenderlinningen, eit breidt belte som viser årssyklusane knytt til ritual, jordbruk og aktivitet. Mennene på øya strikkar klesplagg, som luer og hanskar, som dei sel til besøkande på eit kooperativ på øya.[1][2]

Thumb
Kvinner og menn på Taquile har ei særskilt arbeidsfordeling når det gjeld klesproduksjon. Kvinnene vev og mennene strikkar.
Thumb
Vevetradisjonen på øya går tilbake til de gamle inka-, pukara- og colla-sivilisasjonane, og held liv i delar av pre-spanske, andinske kulturar.[2]
Remove ads

Berekraftig turisme

Folket snakkar quechua og ivaretek ein tradisjonell livsstil.[3] Taquilesamfunnet har lokal kontroll over turismen til øya. Taquilearar er kjende for å ha skapt ein innovativ, samfunnskontrollert og berekraftig turismemodell. Dei som besøker øya blir tilbydde opphald og overnatting i private heimar, kulturelle aktivitetar, lokale guidar og tradisjonell mat innanfor rammene av kva det vesle øysamfunnet toler.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads