Tarn Hows
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tarn Hows er eit område i Lake District nasjonalpark i England. Det består av eit vatn og ligg om lag 3 km nordaust for Coniston og om lag 2,5 km nordvest for Hawkshead. Området er eit av dei mest vitja i Lake District med meir enn ein halv million turistar kvart år sidan 1970-åra. Det vert forvalta av National Trust.

Tarn Hows får vatn frå fleire elvar i nordenden og vert drenert av Tom Gill gjennom ei rekkje små fossar til Glen Mary-brua.
Remove ads
Historie
Tarn Hows-området bestod opphavleg av tre mindre vatn, Low Tarn, Middle Tarn og High Tarn.
Fram til 1862 var mykje av Tarn Hows-området nytta som beitemarker for Hawkshead. I 1862 fekk John Marshall heile området og starta å utforme landskapet med å plante gran, lerke og furu rundt vatna. Han bygde òg demninga som skapte det noverande vatnet.
I 1930-åra selde Marshall-familien ein del av landjorda til Beatrix Heelis frå Sawrey, og ho selde det vidare til National Trust.
Tarn Hows fekk status som Site of Special Scientific Interest i 1965.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads