Tavastehus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tavastehus (finsk Hämeenlinna) er ein by og ein kommune i Kanta-Häme i Finland. Kommunen, som har over 67 000 ibuarar, har ei flatevidd på 2 031,5 km² fordelt på to åtskilde landområde. Byen ligg 98 km nord for Helsingfors, og 75 km søraust for Tammerfors.
Finsk språk er heilt dominerande i kommunen.
Remove ads
Soge
Tavastehus vart formelt sett ein by i 1639, under Per Brahe den yngre si tid som Sveriges generalguvernør over Finland. I 1778 vart byen flytta ein kilometer sørover, der bysentrum framleis er.
Etter ein brann i 1831 vart Tavastehus oppattbygt etter ein heilskapleg byplan med breie gater. Byen fekk jarnbanesamband med Helsingfors i 1862, langs Finlands første jarnbanestrekning.
Remove ads
Ymse
Komponisten Jean Sibelius var frå Tavastehus.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tavastehus» frå Wikipedia på svensk, den 30. november 2013.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads