Teddy Tamgho
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Teddy Tamgho (fødd 15. juni 1989) er ein fransk tidlegare tresteghoppar, fødd i Paris. Han vart verdsmeister i øvinga i 2013 med eit hopp på 18,04 m, hans aller lengste nokon gong. I 2010 fekk han bronsemedaljen i tresteg ved EM i friidrett 2010. Elles vann han innandørs-EM i 2010 og innandørs-VM i 2011, den siste tevlinga med innandørs verdsrekord; 17,92 m.
Remove ads
Vinteren 2009 hoppa Tamgho 17,58 meter ved eit hallstemne i Paris. Hans store gjennombrot kom i innandørs-VM 2010 i Doha der han sette verdsrekord innandørs og vann gullmedlajen med eit hopp på 17,90 m. 12. juni 2010 forbetra han sitt personbeste til 17,98 meter då han sigra i eit GL-stemne i New York City. Einast Jonathan Edwards og Kenny Harrison hadde hoppa lenger. Ein leggskade gjorde at Tamgho ikkje makta gjere sitt beste i Barcelona-EM 2010 og såleis måtte nøye seg med ein bronsemedalje.
I februar 2011 flytta Tamgho sin eigen verdsrekord til 17,91 m under den franske innandørsmeisterskapen. To veker seinare flytta han rekorden til 17,92 m då han vann EM innandørs i Paris. Etter triumfar i Doha og i Lausanne, vart han skadd og avslutta 2011-sesongen. 30. mars 2013 gjorde han comeback etter ein 20 månader lang skadepause. I finalen under verdsmeisterskapen i Moskva 18. august 2013 presterte Tamgho sitt livs lengste tresteghopp. Han landa i sjette og siste omgang på 18,04 meter og sikra seg gullmedaljen. Tamgho var den tredje utøvaren som hoppa over 18 meter i tresteghopp under godkjende forhold (medvind ikkje over 2,0 m/s). Sidan hoppa han aldri lengre enn 17,24 m.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Teddy Tamgho» frå Wikipedia på tysk, den 14. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
