Teddy Wilson

amerikansk musikar og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia

Teddy Wilson
Remove ads

Theodore Shaw «Teddy» Wilson (fødd 24. november 1912 i Austin i Texas, død 31. juli 1986 i New Britain i Connecticut) var ein amerikansk jazzmusikar (piano) og orkesterleiar, kjent som ein av dei leiande innan swingjazz-epoken.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Wilson voks opp i Alabama, var i «Speed Webb» med broren Gus Wilson på trombone (Detroit, 1929), før han erstatta Art Tatum i Milt Senior's band (Ohio). Så var han i orkesteret til Louis Armstrong (Chicago, 1932) og Benny Carter sitt «Chocolate Dandies» (New York City, 1933), før han vart med i bandet til Benny Goodman (1935-39). Han medverka på utgjevingar med bandet til Willie Bryant (1934-35), og dessutan Billie Holiday, Lena Horne, Ella Fitzgerald og Lestar Young. Seinare leia han eige storband (1939), eigen sekstett på «Cafe Society» (1940-44), eigen trio, og var dessutan husmusikar for CBS. Han jobba sidan som forelesar ved Juilliard School (1945-52), elles som frilans, og turnerte med Goodman i Sovjetunionen (1962). Mot slutten var han i trio med sønene sine Teddy på bass og Steven på trommer.

Wilson var førebilete for det norske omgrepet kløverjazz (i tillegg bestod trekløveret av Roy Eldridge og Chu Berry). Teddy Wilson spelte fleire gonger med skandinaviske musikarar, først med Yngve Åkerberg på bass og Jack Norén på trommer, på Piano Pastries (1952). Med Niels-Henning Orsted Pedersen på bass og William Schiøpffe/Bjarne Rostvold på trommer utkom The noble Art of T.W. (1968). Wilson figurerer på Bein Webster sitt Live at Stampen (1969-73), og medverka òg med norske Rowland Greenberg. I trio med danske Jesper Lundgaard på bass og Ed Thigpen på trommer utkom Revisits the Goodman Years (1980).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • obs.org med biografi, lydklipp og bilete
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads