Tel as-Sabi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tel as-Sabi
Remove ads

Tel as-Sabi eller Tel Sheva (arabisk تل السبع, hebraisk skrift תֵּל שֶׁבַע) er ein beduinsk by (lokal kommune) i Det sørlege distriktet i Israel, nær Beersheba.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Tel as-Sabi 15 700 i desember 2010.[2]

Tel as-Sabi, den første beduinske kommunen i Israel, vart grunnlagd i 1967[3] som ein del av eit statleg prosjekt for å få faste bustader til beduinane og vart ein lokal kommune i 1984. Han er ein av sju beduniske kommunane i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur.[4]

Remove ads

Historie

Før opprettinga av Israel, var Negev-beduinar eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[5]

Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[5]

Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[5]

Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[6]

Sidan Tel as-Sabi var den første beduinske kommunen i Israel, vart det gjort mange feil av planleggjarane og styresmaktene.[3] Styresmaktene prøvde å lære frå dette då dei planla og bygde nye beduin-landsbyar og byar.

Remove ads

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads