Telma Hopkins
amerikansk musikar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Telma Louise Hopkins (fødd 28. oktober 1948) er ein USA-amerikansk songar og skodespelar. Ho vart kjend i 1970-åra med popgruppa Tony Orlando and Dawn, som hadde fleire hitsinglar på toppen av den amerikanske singellista.[1] Ho spelte òg i TV-showet Tony Orlando and Dawn frå 1974 til 1976 i lag med Tony Orlando og Joyce Vincent Wilson.
Seint i 1970-åra byrja Hopkins å arbeide som skodespelar og spelte i forskjellige situasjonskomediar, som Bosom Buddies (1980–82), Gimme a Break! (1983–87) og Family Matters (1989–1997) som Rachel. Som hovudrolle spelte ho i Getting By frå 1993 til 1994. I seinare år har Hopkins vore fast medlem i Half & Half (2002–06), Are We There Yet? (2010-13) og den kortvarige Partners (2014). Innan film har ho spelte i science fiction-filmen Trancers i 1984 og oppfølgjaren Trancers II (1991) og Trancers III (1992), i tillegg til The Wood (1999) og The Love Guru (2008).
Ho starta karrieren som korsongar i Detroit, og song for artistar som The Four Tops og Marvin Gaye der. Ho song òg for Isaac Hayes og seier mellom anna «Shut your mouth!» på Hayes-songen «Theme From Shaft».
Remove ads
Filmar
Film
Fjernsyn
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads