Tempera

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tempera
Remove ads

Tempera er måling med emulsjonar som bindemiddel. Emulsjonar er blandingar av stoff som ikkje løyser seg i kvarandre, så som vatn og olje. Ordet tempera kjem frå latin temperare, som tyder 'blande i rett forhold'.

Thumb
Tempera på panel av Hans Holbein den yngre frå 1542.
Thumb
Temperamåleri av familien til den romerske keisaren Septimius Severus, frå rundt år 200.

Temperamåling er brukt i måleri frå antikkens Hellas og i ikon frå Bysants. Den eldste temperamåinga er eggtemperaen, ein mager tempera utan tilsett olje. Frå 1400-talet vart det vanleg å tilsetje linolje i eggtemperaen. Eggeplomma verka da som ein emulgator som hjelpte til å blande vatn og olje.

Remove ads

Ulike temperablandingar

Emulsjonane kan blandast på ymse vis, til dømes med

  • Harpiks -  egg  vatn
  • Lim –  olje –  vatn
  • Eggeplomme  vatn
  • Kasein  olje –  vatn.

Linolje er vanlegast, men andre planteoljer kan og verte bruka.

Eggeplomme er eit vanleg limstoff i tempera, men kasein og limstoff framstilt av kjøtt- eller fiskeprodukt vert òg bruka.

Temperaen vert farga med naturlege pigment.

Remove ads

Bruk av temperamåling

Tempera tørker i to fasar: Først fordampar vatnet, sidan tørker olja. Målinga vert sterkare etterkvart som målinga vert herda, og ho kan bli svært slitesterk. Det er vanskeleg å blande fargane rett, men når biletet er måla, får det ein matt glans og held lenge på fargen.

Ein stor fordel ved temperamåling er at ho er vassbasert, slik at målaren unngår skadelege løysemiddel. Men målinga er ikkje så fleksibel som rein oljemåling.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads