Ten Years Gone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Ten Years Gone» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975.
Oversyn
Han var opphavleg meint som eit instrumentalt stykke, og Jimmy Page nytta 14 gitarspor for å overdubbe harmonidelen.[1] Robert Plant skreiv seinare ein tekst, som er tileigna ein tidlegare kjæraste, som ti år tidlegare hadde gjeve han valet mellom ho og musikken hans.
Plant omtalte den intrikate oppbygginga av songen:
« | Jimmy er mannen bak musikken. Han går heim og arbeidet mykje med dette og så kjem han attende til bandet med ei grov skisse. Sakte kjem dei andre med sine personlege bidrag. Ein ny blom veks liksom ut av det. «Ten Years Gone» var nøye sett saman frå seksjonar han hadde skrive.[2] | » |
Somme har spekulert i om songen er ein variant av songen «Swan Song», som bandet aldri gav ut. Dei nytta dette namnet på plateselskapet dei starta.[1]
Dette er ein av få Led Zeppelin-songar der ein kan høyre pipinga frå trommepedalen til John Bonham i studio.
Bandet spela songen på konsertar i 1977. John Paul Jones spela opphavleg melodien på ein akustisk gitar men introduserte så ein uvanleg trippelhalsa gitar med ein 6-strengs, ein 12-strengs ein mandolin og basspedalar.[1]
Page and Plant spela songen på den japanske turneen deira i 1996. Jimmy Page framførte òg songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999. Ein versjon frå turneen finst på Live at the Greek.
Plateprodusent Rick Rubin har omtalt oppbygginga av songen: «Eit djupt, tankefullt stykke med hypnotiske riff som er fletta saman. Lys og mørk, skugge og glans. Det er lydar som om naturen kjem ut av høgtalarane.»[3]
Remove ads
Medverkande
Andre versjonar
- 1997: Jason Bonham Band (In the Name of My Father - The Zepset)
- 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek)
- 2000: Dread Zeppelin (De-jah Voodoo)
- 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin, Vol. 2)
- 2002: Michael Bluestein (Wild World)
- 2004: Kevin Russell (My Generation)
- 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin)
- 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin)
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads