Tenzin Gyatso

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tenzin Gyatso
Remove ads

Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935) er den fjortande og noverande dalai lamaen, og vert ofte berre omtalt som Dalai Lama.[1] Han var den femte av seksten born i ein bondefamilie frå Amdo-provinsen i Tibet, og fem år gamal vart han attkjend som reinkarnasjonen av den trettande Dalai Lama. 17. november 1950 vart han innsett som statsoverhovud i Tibet, femten år gammal, på eit tidspunkt då Tibet stod overfor okkupasjon frå Folkerepublikken Kina.

Kjappe fakta
Kjappe fakta

I 1989 vann han Nobels fredspris.[1]

I mai 2011 ratifiserte Dalai Lama ei lovendring som overførte den politiske makta til den demokratisk valde statsministeren for den tibetanske eksilregjeringa. Han gav dermed avkall på den politiske makta for dalai lama-embetet, og gjekk av som politiske leiar for Tibet i eksil.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads