Teo Torriatte (Let Us Cling Together)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» er ein song av Queen frå 1976 på albumet A Day at the Races. Han vart skriven av gitaristen Brian May, som avslutningssongen på albumet.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er kjend for å ha to refreng sungne på japansk. Han vart gjeven ut som singel berre i Japan, der han nådde 49. plassen på listene.[1] B-sida til singelen var «Good Old-Fashioned Lover Boy». Dei henta inn eit lokalt kor til å synge refrenget på slutten. Songen vart avslutta med ein kort instrumental, som er ein reprise av starten på «Tie Your Mother Down» i starten av albumet. Dette var meint å skape ein «sirkel» på albumet, slik til dømes Pink Floyd ofte gjorde.

Songen vart framført i Tokyo under Jazz-turneen i 1979 og igjen då bandet vitja Japan i 1981 og 1982.

«Teo Torriatte» vart spelt inn av den japanske songaren Kokia i 2008 på julealbumet hennar Christmas Gift, og av Mêlée i 2010.

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads