Terminal Jive

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Terminal Jive er det niande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks og det andre dei spelte inn i lag med Giorgio Moroder. Albumet har ei disco-kjensle som føregangaren, men består av færre synthesizerar og litt meir elektrisk gitar. Dette gjev albumet ein tydelegare new wave-stil.[4] Albumet vart produsert av Moroder og Harold Faltermeyer. Faltermeyer sa seinare at han hadde produsert det meste av albumet.

Meir informasjon Sparks-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Sparks fekk ein hitsingel i Frankrike med «When I'm with You», som førte til at dei var i landet i eitt år for å marknadsføre albumet.[5][6]

Remove ads

Utgjeving

Terminal Jive kom ikkje ut i USA, men Polydor Records gav det ut i Canada. Det vart heller ikkje ein suksess i Storbritannia, men gjorde det betre i Europa.

Den første singelen, «When I'm with You», var ein hit i Frankrike, der han nådde 16. plassen. Singelen nådde òg 14. plassen i Australia.[7] Den andre singelen frå albumet var «Young Girls», og denne gjorde det òg bra i Frankrike. «Young Girls» vart gjeven ut med ein lengre remiks på 12-tommar, ein redigert versjon på 7-tommarsingelen, og med B-sida «Just Because You Love Me». Den franske utgåva inkluderte «Rock 'n' Roll People in a Disco World», sidan «Just Because You Love Me» alt hadde kome ut som B-sida til «When I'm with You» i dette området.

Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget består av Mael-brørne som står i ulike poseringar i og kring leiketøysbutikken Hamleys i Regent Street i London.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Ron Mael og Russell Mael, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Salslister

Meir informasjon Liste (1980), Plassering ...

Medverkande

Teknisk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads