Terrassa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Terrassa er ein by aust i sentrale område av Catalonia i Spania i Vallès Occidental, der han er hovudby i lag med Sabadell, den historiske hovudstaden. Byen har like over 200 000 innbyggjarar.
Byen ligg om lag 30 km frå Barcelona.
Remove ads
Historie
Ein har funne spor i området rundt Terrassa frå førhistorisk tid. I 2005 vart det grave ut ein tunnel for ei av jernbanelinjene i byen og det vart funne ein førhistorisk stad i Vallparadisparken,[1] med steinverktøy og fossil av dyr som var 800 000 til 1 million år gamle. Dette er derfor ein av dei av dei eldste førhistoriske funnstadane i Europa.
Terrassa vart grunnlagd som den romerske byen Egara (Municipium Flavium Egara), grunnlagd under keisar Vespasian (69-79 fvt.) ved elva Vallparadís (i dag ein bypark) nær den iberiske byen Egosa. Ein har funne keramikk og myntar frå denne tida i byen.
Bispesetet Ègara vart grunnlagd rundt 450 e.Kr. og eit provinsråd vart halde her i 615. Domkyrkja eksisterte fram til 718 då muslimane erobra området. I dag finst den gamle vestgotisk-romanske kyrkja Sant Pere de Terrassa på staden. Andre viktige bygg frå mellomalderen er Vallparadis-borga (frå 1344 til 1413 eit karteusisk kloster og i dag eit museum) og tårnet på slottet til grevekongen).
På 1800-talet spelte byen ei viktig rolle i den industrielle revolusjonen og spesialiserte seg innan ullfabrikkar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads