Terry Jones

From Wikipedia, the free encyclopedia

Terry Jones
Remove ads

Terence Graham «Terry» Parry Jones (fødd 1. februar 1942 i Colwyn Bay) er ein britisk komikar, skodespelar, regissør, forfattar og programleiar frå Wales. Han er best kjent som eit av medlemmane i Monty Python.

Kjappe fakta

I Monty Python er hans mange framstillingar av gamle kvinner, såkalla «pepper-pots». særs minneverdige. Dessutan var han «Den nakne mannen som spelar orgel» som dukka opp før opningsvignetten i Flying Circus-episodane på 1970-talet.

I tillegg til å vera forfattar og skodespelar i TV-serien Monty Python's Flying Circus har han òg regissert fleire filmar, bl.a Monty Python og ridderne av det runde bord (1975), Profeten Brians liv og historie (1979), Private Services (1987) og Erik the Viking (1989).

Jones har òg skrive fleire filmmanus og bøker (bl.a Starship Titanic saman med Douglas Adams) og er òg ein ivrig forfattar av politiske artiklar.

Han har dei siste åra vore programleiar for ei rekkje TV-seriar om historie. I 2009 kom den første boka hans ut på norsk, Barbarane, eit skråblikk på romersk historie.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads