Terry Melcher

amerikansk songar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Terry Melcher
Remove ads

Terrence Paul Melcher (fødd 8. februar 1942 som Terrence Paul Jorden, daud 19. november 2004) var ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent, som var med å forme California Sound og folkrockrørsla i 1960-år, særleg under den gryande motkulturtida. Dei mest kjende bidraga hans var å produsere dei to første albuma til The Byrds, Mr. Tambourine Man (1965) og Turn! Turn! Turn! (1965), i tillegg til dei fleste hittane til Paul Revere & the Raiders og Gentle Soul. Han var òg ei kort stund knytt til Charles Manson, ein låtskrivar og kultleiar som seinare vart dømd for fleire mord.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Melcher var det einaste barnet til skodespelarinna og songaren Doris Day. Faren var den første ektemannen til Day, Al Jorden, og han vart adpotert av den tredje ektemannen hennar, Martin Melcher. Dei fleste av dei tidlege innspelingane hans var med dei songbaserte surfebanda The Rip Chords og Bruce & Terry. I 1960-åra var Melcher knytt til The Beach Boys og var med å knyte Brian Wilson til Smile-tekstforfattaren Van Dyke Parks. Melcher produserte seinare fleire singlar for The Beach Boys i 1980- og 1990-åra, inkludert «Kokomo» (1988), som toppa den amerikanske singellista.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads