Thabo Mbeki
sørafrikansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thabo Mvuyelwa Mbeki (fødd 18. juni 1942) er ein sørafrikansk politikar for African National Congress (ANC).[1] Han var den andre presidenten i Sør-Afrika frå 14. juni 1999 til 13. juni 2008.[2]
Remove ads
Liv og virke
Mbeki vart fødd i Idutywa i Transkei. Han var i politisk eksil frå 60-talet til ANC vart legalisert i 1990 og studerte økonomi ved University of Sussex.[3] Han var visepresident i landet mellom 1994 og 1999 og vart vald til president i 1999 og deretter gjenvald i 2004.
Trass i at han tidlegare var medlem av det sørafrikanske kommunistpartiet har han i stadig større grad vorte assosiert med nyliberalistisk økonomisk politikk, og vert rekna som arkitekten bak det sørafrikanske økonomiske reformprogrammet GEAR som har vore offisiell regjeringspolitikk sidan 1996.
Internasjonalt vart han òg kjend for det kontroversielle synet sitt på AIDS, han støttar seg til ei mindre gruppe vitskapsmenn som meiner at HIV-viruset ikkje er årsak til AIDS. I staden har han ved fleire høve ymta om at dei helsemessige konsekvensane ekstrem fattigdom fører med seg, som underernæring, kan vere ei av årsakene til sjukdomen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads