That’s All Right (Mama)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«That's All Right (Mama)» er den første songen som vart gjeven ut på singel av Elvis Presley. Songen vart skriven og opphavleg spelt av bluessongaren Arthur Crudup. Elvis sin versjon vart spelt inn i juli 1954 og gjeven ut 4. september 1954.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart opphavlege skriven og spelt inn av Crudup i 1946. B-sida til Elvis sin singel var «Blue Moon of Kentucky». Katalognummeret til singelen var Sun 209. På etiketten står det «That's All Right» (utan (Mama) som i originaltittelen), og at songen vart spelt av Elvis Presley, Scotty & Bill, som er Scotty Moore på sologitar og Bill Black på kontrabass. Han vart produsert av Sam Phillips i Sun Studio. Innspelinga hadde ingen trommer eller andre instrument, og var ei live-innspeling.

Songen har av musikkmagasinet Rolling Stone vorte kalla den første rock and roll-songen, noko som derimot er omstridd. Same magasinet plasserte òg songen på 112. plass på lista over dei 500 største songane gjennom tidene.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads