The Big Picture

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Big Picture er det 26. studioalbumet til den britiske musikaren Elton John. Albumet kom ut i 1997 og inneheld fire singlar: «Live Like Horses» (ein duett med Luciano Pavarotti), «Something About the Way You Look Tonight» (gjeven ut seinare som ei dobbel A-side med «Candle in the Wind 1997»), «Recover Your Soul» og «If the River Can Bend». Albumet heller tungt mot orkester med strykearrangement skriven av Anne Dudley og klaverspelaren Guy Babylon. I 2006 fortalte John at Bernie Taupin, den gode venen og tekstforfattaren hans, at Taupin reknar dette albumet som det dårlegaste dei skreiv i lag, medan John sjølv meiner dette er Leather Jackets frå 1986.

Meir informasjon Elton John-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet var tileigna venen til Elton John, den populære motedesignaren Gianni Versace, som vart myrda nokre månader før albumet kom ut. Dette var det siste albumet hans som vart produsert av Chris Thomas, som hadde arbeidd med John nesten kontinuerleg sidan The Fox i 1981.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Bernie Taupin og Elton John

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Elton Johnpiano, orgel, vokal
  • Guy Babylonklaverinstrument
  • Bob Birchbassgitar
  • Paul Carrack – orgel på «Something About the Way You Look Tonight»
  • Davey Johnstonegitar
  • John Jorgenson – gitar
  • Charlie Morgantrommer, perkusjon
  • Matthew Vaughan – klaverinstrument og perkusjon på «I Can't Steer My Heart Clear of You»
  • Paul Clarvistabla på «Recover Your Soul»
  • Carol Kenyon – korvokal på «Long Way from Happiness», «Something About the Way You Look Tonight» og «Recover Your Soul»
  • Jackie Rowe – korvokal på «Something About the Way You Look Tonight» og «Recover Your Soul»
  • Angel Voices Choir – kor på «Live Like Horses»
  • East London Gospel Choir – kor på «If the River Can Bend»

Produksjon

  • Produsert av Chris Thomas
  • Orkesterarrangement av Guy Babylon og Anne Dudley
  • Innspelt i The Townhouse, London, UK; Air Lyndhurst, London, UK
  • Lydteknikar - Pete Lewis
  • Assisterande lydteknikarar – Andy Green og Jay Reynolds
  • Management – John Reid
  • Måleri og fotografi – Julian Schnabel
  • Portrett – Mario Testino
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1997), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads