The End of an Ear
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The End of an Ear er debutalbumet til Robert Wyatt frå Soft Machine som soloartist.
Remove ads
Bakgrunn
Det vart spelt inn i august 1970, medan han hadde fri frå bandet (som han slutta i året etter). Albumet består hovudsakleg av frijazz og eksperimentell musikk, utan tekst (berre vokaleksperiment av Wyatt), og er eit uvanleg album. Med seg har han Elton Dean frå Soft Machine på saksofon og David Sinclair frå Caravan på orgel. Om lag halve albumet består av ein to delt coverversjon av Gil Evans sin «Las Vegas Tango». «To Carla, Marsha and Caroline (For Making Everything Beautifuller)» er basert på muskkken frå «Instant Pussy», ein song Wyatt først spelte inn solo under ei innspeling for BBC av Soft Machine seint i 1969. Denne songen kom òg ut på det første albumet til Matching Mole.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Robert Wyatt, bortsett frå der andre er nemnde
Songtitlane referer til forskjellige folk eller grupper: Mark Ellidge (halvbror til Wyatt), Bridget St. John, Daevid Allen og Gilli Smyth, Nick Evans, Caravan og Jim Hastings, Kevin Ayers sitt The Whole World, Carla Bley, Marsha Hunt og Caroline Coon.
Remove ads
Medverkande
- Robert Wyatt - Trommer, stemme, piano, orgel
- Neville Whitehead - Bass
- Mark Charig - Kornett
- Elton Dean - Alt-saksello
- Mark Ellidge - Piano
- Cyrille Ayers - Perkusjon
- David Sinclair - Orgel
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads