Gilli Smyth

britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gilli Smyth
Remove ads

Gillian Mary Smyth (1. juni 193322. august 2016) var ein engelsk musikar som spelte med banda Gong, Mother Gong og Planet Gong og gav ut fleire soloalbum og andre album i samarbeid med medlemmar i Gong.[2] I Gong tok ho ofte scenenamnet Shakti Yoni, og bidrog med dikt og «kviskring frå verdsrommet».[3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Smyth studerte ved King's College London der ho vart kjend som ein fritalande redaktør i «Kings News», eit universitetsmagasin. Etter ein kort periode som lærar ved Sorbonne (Paris) (der ho vart tospråkleg), byrja ho å framføre dikt med den kjende engelske jazzrockgruppa Soft Machine, som vart skipa av kjærasten og den mangeårige samarbeidspartnaren Daevid Allen, i 1968.[3]

Thumb
Gilli Smyth med Daevid Allen, Hyde Park i 1974

Ho og Allen skipa Gong i lag, ei gruppe som mellom andre inkluderte musikarane Steve Hillage, Pierre Moerlen og Didier Malherbe. Ho er oppført som medlåtkrivar på alle songane på albuma Magick Brother og Continental Circus. Dikta ho proklamerte, særskild på «Radio Gnome Invisible»-trilogien til Gong, opptrer ho som prostituert, katt, mor, heks og ei gammal kvinne, og ho har vore kjend for å ha forskjellige kostyme på scenen for å syne desse personane.[3] Dette vart ein del av ein kultmytologi, som vart skriven inn i seksten av albuma bandet spelte inn. Gong utvikla seg til ein heil familie av ulike band, som Gongmaison og Mother Gong. Mother, soloalbumet til Smyth frå 1978, førte til at ho skipa Mother Gong, etter å ha slutta i det originale bandet i 1975 for å ta seg av borna sine.

Mother Gong turnerte internasjonalt i 1979-81 og 1989–91, anten på eiga hand eller som oppvarming for artistar som Bob Dylan og Big Brother and the Holding Company. Smyth var òg soloartist og heldt foredrag ved Starwoodfestivalen frå 1992-93. Ho gjorde òg kommentatorstemme for reklamar, spelte inn lydbøker for barn, og andre bøker og dikt, heldt opplæring for kommentatorar, og framførte for mange kvinnegrupper.

Ho døydde på sjukehuset i Byron Bay den 22. august 2016, 83 år gammal, av lungebetennelse.[4][5]

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads