English Opera Group

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

English Opera Group var eit lite selskap av britiske musikarar som blei grunnlagt i 1947 av komponisten Benjamin Britten (saman med John Piper, Eric Crozier og Anne Wood) for å presentera operaverka av han sjølv og andre, hovudsakleg britiske, komponistar. Gruppa blei seinare utvida til å presentera større verk, og blei omdøypt til English Music Theatre Company. Selskapet sette opp den siste operaen sin og avslutta drifta i 1980.

Kjappe fakta Skipa ...
Remove ads

English Opera Group

I slutten av 1945 forlet Britten og fleire andre intrigane ved Sadler's Wells Opera. Komponisten og songarane Joan Cross, Anne Wood og Peter Pears slo seg saman med designeren Piper og produsenten Crozier for å skipa English Opera Group.[1] Målet med det nye selskapet var å setja opp urframføringar av Britten sine operaer, og å presentera andre, hovudsakleg britiske, småskalaoperaer.[2] Det fyrste prosjektet til selskapet var å framføra Britten sin kammeropera Albert Herring og gje framføringar av operaen hans The Rape of Lucretia under ein turné i Storbritannia og på Kontinentet. Det tinga og urframførte òg eit nytt stykke av Lennox Berkeley, eit arrangement av Stabat Mater. Trass store statlege tilskot kunne ikkje gruppa dekka alle kostnadene kring turnéen, og Britten og dei andre leiarane av gruppa bestemte seg for at ho skulle få ein eigen heimescene. Dette var hovudgrunnen til innviinga av Aldeburgh Festival i 1948.[3][4]

Den første operaen tinga av gruppa, The Sleeping Children av Brian Easdale, hadde premiere i 1951.[5] Gruppa gav den nordamerikanske urframføringa av Britten sitt verk The Turn of the Screw ved Stratford Festival i Canada i 1957.[6] I tillegg til andre nye verk av Britten, tinga og produserte gruppa elleve andre nye operaer av britiske komponistar. Ho heldt òg den britiske premieren på Francis Poulenc sin opera Les mamelles de Tirésias i 1958. Gruppa framførte òg eldre operaar, som Acis and Galatea, The Beggar's Opera, Idomeneo, Iolanta, La rondine og Trial by Jury, i tillegg til verk av Henry Purcell og Gustav Holst.[7]

Royal Opera i London tok over leiinga i 1961. I 1971 blei Steuart Bedford utnemnd til musikkdirektør, og Colin Graham blei direktør for produksjonane.[8]

Remove ads

English Music Theatre Company

I 1975 blei gruppa utvida så ho kunne produsere større verk, som operettar og musikalar, i tillegg til opera. I tillegg til å vera med på festivalar som Aldeburgh, tok selskapet til å halda regionale turnéar og årlege framføringssongar på Sadler's Wells Theatre i London. Grunnleggaren og leiaren for selskapet var Colin Graham. Ein av produksjonane deira i 1976 var The Threepenny Opera av Kurt Weill, dirigert av ein ung Simon Rattle.[9] Etter ein siste produksjon av A Midsummer Night's Dream av Britten i 1980 blei selskapet oppløyst.[10]

Remove ads

Operaer uframførte av selskapet (av andre enn Britten)

 

År OperaKomponist
1951   The Sleeping Children   Brian Easdale
1954 A Dinner EngagementLennox Berkeley
1956 RuthLennox Berkeley
1964 English EccentricsMalcolm Williamson
1967 The BearWilliam Walton
CastawayLennox Berkeley

År OperaKomponist
1968 Punch and JudyHarrison Birtwistle
1969 PurgatoryGordon Crosse (skriven 1966)
The Grace of ToddGordon Crosse
1972 The VisitorsJohn Gardner
1974 The Voice of Ariadne Thea Musgrave

English Music Theatre Company

Åra Opera Komponist
1976   Tom Jones Stephen Oliver
1978 La Cubana Hans Werner Henze (skriven i 1973)
Transformations Conrad Susa
1979 An Actor's Revenge Minoru Miki

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads