The Low Spark of High Heeled Boys
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Low Spark of High Heeled Boys er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1971. Som med andre Traffic-album har The Low Spark of High Heeled Boys forskjellige retningar innan rock, som jazzrock, progressiv rock og klassisk rock and roll. Namnet på tittelsporet vart føreslått av skodespelaren Michael J. Pollard.
Albumet inneheld hitten «Rock & Roll Stew» og radiohitten «The Low Spark of High Heeled Boys». Dette er det einaste originale Traffic-albumet der Jim Capaldi syng solo på to songar («Light Up or Leave Me Alone» og «Rock & Roll Stew»). Den einaste andre songen han syng solo på er «Dealer» frå Mr. Fantasy (1967).
Plateomslaget er kjend for at øvre høgre hjørne og det nedre venstre hjørnet var avskoren slik at det gav illusjonen av ein tredimensjonal kube.
Albumet selde til gullplate mindre enn eitt år etter det kom ut i USA og i 1996 hadde det oppnådd fleire platinaplater. Det vart ommastra og gjeve ut med eitt bonusspor den 19. mars 2002.
Remove ads
Mottaking
Meldingane har vore stort sett positive om albumet. AllMusic likte variasjonen som songane ikkje skrivne av Winwood og Capaldi gav og det mektige og lange tittelsporet. Dei skreiv at albumet «markerte det kommersielle og kunastnariske høgdepunktet i den andre perioden til Traffic».[1] Robert Christgau meinte at bandet hadde vokse frå det førre albumet og skreiv at sjølv om gruppa «er blotta for intellektuell kraft, har dei noko på gang» og «når det fungerer oppstår det eit fint paradoks - avslappande og spanande på same tid.»[3] Pop Matters skreiv at det var «eit album som er lett å lytte til om att og om att, men som sjeldan dukkar opp lister over beste album.» Dei skreiv òg at dei fleste songane er undervuderte og krev fleire gjennomlyttingar for å kunne verdsetjast.[4]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Traffic
- Steve Winwood – solovokal (spor 1, 2, 5, 6), gitar, piano, orgel
- Jim Capaldi – solovokal (spor 3, 4), perkusjon, korvokal (spor 6)
- Chris Wood – saksofon, fløyte
- Ric Grech – bass, fiolin
- Jim Gordon – trommer
- Rebop Kwaku Baah – perkusjon
med:
- Mike Kellie – trommer (spor 6)[5]
Teknisk
- Brian Humphries – lydteknikar
- Tony Wright – plateomslag
- Richard Polak – fotografi
Salslister
Album
Singlar
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads