The Man and the Journey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Man og The Journey er namn på to albumlange musikksuitar framført på konsertar av Pink Floyd i 1969.[1] Dei bestod av tidlegare songar i lag med nye songar som kom ut på Music from the Film More og Ummagumma, samt nokre songar som ikkje vart gjevne ut.[1] Konsertane bestod òg av visuelle element som saging og bygginga av eit bord, og drikking av te på scenen.[1]
Konseptet vart første gong framført 14. april 1969 i Royal Festival Hall på eit show kalla The Massed Gadgets of Auximenes - More Furious Madness from Pink Floyd.[1] Ein forkorta versjon av showet vart innspelt 12. mai 1969 for Top Gear.[1] 17. september vart verket framført i Concertgebouw i Amsterdam, eit show som er mykje piratkopiert fordi det vart sendt på radiostasjonen VPRO.[1] Det vart vurdert å gje ut eit konsertalbum av The Man and the Journey, men dette vart skrinlagd då Ummagumma kom ut.
Bandmedlemmane har sjeldan referert til suitane i seinare intervju. Likevel kan kombinasjonen av kvadrofoniske lydeffektar, abstrakt programmusikk og gjentakande tema alle sporast tilbake til The Man og The Journey. Desse vart vidare utvikla av bandet i den mest kjende musikken hans.
I 2016 vart eit konsertopptak av of The Man and The Journey gjeve ut for første gongen i plateboksen The Early Years 1965-1972, på plata 1969: Dramatis/ation. Denne vart spelt inn i Amsterdam den 17. september 1969. «Teatime»-delen av konserten var ikkje med på plata, då denne berre bestod av at bandet vart servert te på scenen.
Remove ads
Setliste frå Amsterdam-konserten 1969
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads