The Other Side of Life

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Other Side of Life er det tolvte albumet til det engelske rockebandet The Moody Blues, gjeve ut i 1986 på Polydor Records. Det inneheld den store hitten «Your Wildest Dreams» som nådde Topp 10-lista i USA.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Produksjon

Det var det tredje albumet bandet gav ut med Patrick Moraz på tangentar, og det første der fløytist og vokalist Ray Thomas ikkje spelte ei stor rolle. Mange av songane var skrivne av vokalisten og gitaristen Justin Hayward og bassisten John Lodge, og berre ein song, «The Spirit», var skriven av Moraz og trommeslagaren Graeme Edge. Musikken på albumet var dominert av synthesizer, sekvensar og trommemaskinar og albumet kan skildrast som eit «synthpop»-album, ei overraskande stilmessig endring for eit band som var pionerar innan symfonisk rock.

Albumet vart spelt inn i Good Earth Studios i London og produsert av Tony Visconti.

Albumet inneheld songen «Rock 'N' Roll over You» som vart nytta i ein scene i The Karate Kid part 2.

Remove ads

Mottaking

Anthony DeCurtis skreiv for Rolling Stone at albumet i stor grad «spelar på the Moodys sine mangeårige musikalske styrkar: frodige, symfoniske teksturar; rike og majestetiske melodiar og tette vokalarrangement» og hylla bandet for å unngå pompøse tekstar, som han meinte berre prega «The Spirit».[2]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Teknisk

  • Tony Visconti – produsent, lydteknikar
  • Alwyn Clayden – kunstnarisk leiar, design
  • Bruce Gill – design
  • Michael Hoppen – fotografi
  • Karl Lloyd – illustrasjon

Salslister

Meir informasjon Liste (1986), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads