The Raven av The Alan Parsons Project

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«The Raven» er ein song frå 1975 av The Alan Parsons Project frå albumet deira Tales of Mystery and Imagination. Songen var basert på Edgar Allan Poe sitt dikt med same namn og er skriven av Alan Parsons og Eric Woolfson. Han vart opphavleg spelt inn i april 1975 i Mama Jo's Studio i North Hollywood i Los Angeles og Abbey Road Studios i London.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Det var ein av dei første rockesongane som brukte vocoder, utvikla av EMS for å forvrengje vokalen. Det er òg ein av få songar der Alan Parsons syng vokal, då han syng første verset gjennom vocoderen. Skodespelaren Leonard Whiting har solovokal på resten av songen, medan Eric Woolfson og eit kor syng korvokal.

Det var den første singelen deira og han nådde 80. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i oktober 1976.

Nyutgjevinga av songen i 1987 inneheld ein gitarsolo nær slutten, før «Quoth the Raven»/«Nevermore, nevermore, nevermore, never!»-refrenget.

Remove ads

Medverkande

Original (1976)
Nyutgjeving (1987)

Andre versjonar

I 2004 song korgruppa Gregorian ein versjon av songen for albumet deira The Dark Side.

Den amerikanske rapparen Danny Brown sampla songen for «Clean Up» i 2013 på albumet hans Old.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads