The Ride av Rafał Brzozowski
song frå 2021 med Rafał Brzozowski From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Ride» er ein popsong frå 2021 med den polske artisten Rafał Brzozowski. Songen var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1]
Remove ads
Om songen
«The Ride» er skriven av det svenske låtskrivarlaget Joakim Övrenius, Thomas Karlsson, Clara Rubensson og Johan Mauritzson.[2] Songen vart internt vald av Telewizja Polska til å representere Polen i Eurovision Song Contest. Songen vert framført av songaren og tv-programleiaren Rafał Brzozowski, og den vart utgjeven 12. mars 2021. Ein musikkvideo til songen vart utgjeven same dag og var spela inn i Neon Muzeum i Warszawa. Musikkvideoen er regissert av Pascal Pawliszewszki.[2]
Eurovision Song Contest
«The Ride» var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2021. Polen vart trekt til å delta i den andre semifinalen som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. Songen vart nummer 14 av 17 i semifinalen med 35 poeng. Sidan det berre var dei ti beste som gjekk vidare til finalen, kvalifiserte den seg ikkje til finalen laurdag 22. mai.[3]
Sceneframsyninga til Brzozowski i Rotterdam var regissert av kunstnarisk ansvarleg Mikołaj Dobrowolski, medan Agustin Egurrola stod som ansvarleg for koreografien.[2][4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads