The Sun Ain't Gonna Shine (Anymore)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«The Sun Ain't Gonna Shine (Anymore)» er ein song skriven av Bob Crewe og Bob Gaudio.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart opphavleg gjeven ut som ein singel av Frankie Valli i 1965 for Smash Records, men vart meir populær med The Walker Brothers i 1966. Cher og Keane har òg spelt inn songen.

Remove ads

Frankie Valli

Frankie Valli spelte inn og gav ut den første versjonen av songen, men singelen hans selde ikkje så godt. Han låg like under Topp 100 i USA. Sjølv om songen vart spelt inn av The Four Seasons (med dei andre gruppmedlemmane til stades) så vart han gjeve ut som den første offisielle Valli-singelen på over ti år.

The Walker Brothers

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I 1966 gav The Walker Brothers ut sin versjon av singelen, kalla «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore«, og denne versjonen vart langt meir populær. Han gjekk til topps i Storbritannia[1] og vart den høgaste plasseringa dei fekk i USA med ein 13. plass på Billboard Hot 100.[2] Singelen nådde og Topp 10 i Nederland.

I 2010 vart Walker Brothers-versjonen nytta i marknadsføringa av fjernsynsserien The Walking Dead. I 2012 vart den same versjonen nytta i filmen Seeking a Friend for the End of the World.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Cher

Meir informasjon Cher-kronologi ...

Sommaren 1996 gav Cher ut songen som den fjerde offisielle singelen sin i Europa frå det 21. studioalbumet hennar, It's a Man's World. Songen nådde då 26. plass i Storbritannia. Versjonen hennar vart nytta i X-Files-episoden «The Post-Modern Prometheus».

Format og innhald

UK CD Maxi-Single (WEA 071 CD)[3][4]

  1. «The Sun Ain't Gonna Shine (Anymore)» (Trevor Horn Remix)
  2. «Not Enough Love in the World» (Sam Ward Remix)
  3. «Paradise Is Here»
Offisielle versjonar
  • Main Version (5:15)
  • Demo Mix (4:51)
  • Junior's White Label Remix (9:55)
  • Junior's Arena Mixshow
  • Trevor Horn Remix (4:03)

Lister

Meir informasjon Liste (1996), Plassering ...

Keane

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Keane-kronologi ...

I 2004 spelte den britiske gruppa Keane inn ein spesialversjon av songen. Singelen vart vald ut sommaren 2004 av lesarane til NME og først gjeve ut som nedlastbar singel i september 2004. Songen vart gjeven for nedlasting til War Child og tusen vinylkopar vart gjevne bort til fans av Keane.

Innhald
  1. «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore»
  2. «Your Eyes Open» (Mo Mental Remix)
Remove ads

Andre versjonar

  • Jay and the Americans gav ut ein versjon av songen i 1966 på albumet Livin Above Your Head.
  • Neil Diamond spelte ein versjon av songen i 1979 for albumet September Morn.
  • I 1981 gav Nielsen/Pearson ut ein versjon av songen på singeln. Denne nådde 56. plass i USA.
  • Den britiske songaren David Essex gav ut songen i 1989 på albumet Touching The Ghost.
  • Han vart spelt inn av Russell Hitchcock frå Air Supply i 1990 for den første soloplata hans.
  • Kommunity FK gav ut songen i 2010 på albumet La Santisima Muerte
  • Andre artistar som har spelt inn songen er mellom anna Dorian Gray, Jules Shear, Long John Baldry, Clarence Clemons, The Ides of March, The Lettermen og Robson and Jerome.

Songen vert nytta i den romantiske filmen Truly, Madly, Deeply med Alan Rickman og Juliet Stevenson, der Nina (Stevenson) spelar akkordane i refrenget på piano, medan Jamie (Rickman) spelar hovudriffet på basstrengane på celloen sin, medan dei begge syng.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads