War Child

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

War Child er det sjuande studioalbumet til Jethro Tull, utgjeve i oktober 1974. Det kom ut nesten eitt og eit halvt år etter A Passion Play. Kritikken av det førre albumet plaga produksjonen av War Child, og bandet måtte halde pressekonferansar for å forklare planane sine for framtida.[1][2][3]

Meir informasjon Jethro Tull-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Innspeling

Bandet byrja innspelinga av albumet den 7. desember 1973, og byrja med «Ladies». Dei spelte inn «The Third Hoorah» i lag med det unytta sporet «Paradise Steakhouse» den 8. desember, «War Child» og «Back-Door Angels» i lag med det unytta sporet «Saturation» den 16. desember, lydeffektar frå «Bungle in the Jungle», «Ladies», «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» og «The Third Hoorah» i tillegg til det unytta sporet «Good Godmother» og orkesterstykket «Mime Sequence» den 19. desember, «Sea Lion» i lag med det unytta opptaket «Sea Lion II» den 6. januar 1974, «Queen and Country» den 20. januar 1974 og til slutt «Two Fingers» og «Bungle in the Jungle» i lag med det unytta opptaket «Tomorrow was Today» den 24. februar 1974. Heile albumet vart spelt inn i Morgan Studios i London, utanom spor 6 og 8, som vart spelte inn i Château d'Hérouville i Frankrike. I følgje teksten i omslaget til 2014-utgåva var innspelinga av War Child mykje meir avslappa samanlikna med det førre albumet og Château d'Hérouville-innspelingane. Studioutstyret fungerte, lyden i studioet var lett å styre, og atmosfæren i bandet var roleg og produktiv.

Remove ads

Musikk

Mykje av musikken kom frå tidlegare innspelingar. «Only Solitaire» og «Skating Away on the Thin Ice of a New Day» var til overs frå sommaren 1972 frå det som skulle vere oppfølgjaren til Thick as a Brick (1972). Grunnspora og solovokalen for desse to songane vart spelte inn i september 1972 i Frankrike. «Bungle in the Jungle» inneheld òg element som vart spelt inn i september 1972. Ian Anderson fortalte: «Det var faktisk seint i 1972 eller tidleg i 1973 då eg var i Paris og spelte inn eit album som aldri kom ut. Ein eller to av songane brukte me om att i 1973, men det var på ei tid då eg skreiv eit album som utforska folk, tilstanden til menneske, gjennom analogiar til dyreriket.»[4] «Two Fingers» er ei omarrangering av «Lick Your Fingers Clean», ein unytta song frå innspelinga av Aqualung (1971).

Remove ads

Film

Albumet var opphavleg meint å vere eit filmprosjekt og vart planlagt som eit dobbeltalbum, men det vart korta ned til ti songar og eit enkelt rockealbum etter at dei ikkje fann filmstudio som ønskte å finansiere filmen.[5]

Filmen War Child vart skriven som ein metafysisk svart komedie om ei tenåringsjente i livet etter døden, der karakterane møter Gud, St. Peter og Lucifer, avbilda som ein slesk forretningsmann. Den kjende britiske skodespelaren Leonard Rossiter var meint å ha ei rolle i filmen, Margot Fonteyn skulle ha koreografien, medan Monty Python-veteran John Cleese skulle vere «humorkonsulent».

Omslag

Bilete på plateomslaget er ei blanding av eit vanlege fotografi av Melbourne i Australia om kvelden, og eit negativ av eit studiobilete av songaren Ian Anderson.

På baksida av albumet finn ein bilete av folk, inkludert dei fem bandmedlemmane, vener, koner, kjærastar, tilsette i Chrysalis Records og manageren Terry Ellis, alle knytt til songtitlane. Den framtidige kona til Anderson er på omslaget som sirkusdirektør, medan Terry Ellis er ein forretningsmann kledd i leopardskinn og med paraply.

Remove ads

Utgjevingar

Songar som skulle vere med i filmen, som «Quartet» og «WarChild Waltz» vart sidan gjevne ut på fleire Tull-samlingar, og til slutt kom alle ut på 2002-utgåva av albumet.

I høve 40-årsjubileet til albumet i 2014, kom War Child: The 40th Anniversary Theatre Edition. Denne bestod av tre plater i ei avgrensa innpakning, miksa på ny av Steven Wilson og med songar som ikkje var gjevne ut før og ein musikkvideo av «The Third Hoorah», orkesterstykke opphavleg meint for filmprosjektet, eit samandrag av manuset og merknader til kvart spor av Ian Anderson.[6][7]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Meldinga i Rolling Stone i 1974 var hard, slik meldinga av A Passion Play hadde vore: «Kvart handlaga spor kjem proppfulle av sentimentalt sludder, strykarar, tuttifrutti-lydeffektar og fløytetuting.» Som konklusjon skreiv anmeldaren: «Hugs: Tull rimar med dull (keisam).»[10]

AllMusic-meldaren Bruce Eder såg kvaliteten i albumet og musikarane, men skreiv at «Det gjorde aldri same inntrykk som føregangarane, men vendte attende til songar med vanleg lengd etter to episke musikkstykke.»[8]

Salslister

War Child selde til gullplate i USA, der det nådde andreplassen på Billboard-lista. I Storbritannia gjekk salet dårlegare, og nådde 14. plassen der. I Noreg nådde det åttandeplassen og i Danmark niandeplassen.[12]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Ian Anderson, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

*Spor 12-21: orkesterinnspelingar

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Jethro Tull
Andre medverkande
  • David Palmer – orkesterarrangement
  • Robin Black – lydteknikar
  • Terry Ellis – leiande produsent

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads