Theodor Bernhoft Osa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Theodor Bernhoft Osa (fødd 1904 i Kristiansand, død 1986) var ein norsk radiojournalist, og ein av pionerane i Norsk rikskringkasting. Osa var son av kunstmålaren Lars Osa og bror til meisterspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa. Han var den første NRK-journalisten på Vestlandet, og mellom dei fyrste til å nytte nynorsk i reportasjane.
Osa var nestleiar ved Bergen-avdelinga i NRK fram til 1956. Då han søkte den ledige leiarstillinga der, valde NRK-styret å tilsetje bokmålsmannen Frank Meidell Falck. Dette skapte protestar hjå målfolket, og saka gjekk heilt opp til Stortinget. Osa sa like etter opp jobben sin i rikskringkastinga, og i 1958 kjøpte han ein einbølt gard ved Leirvik i Hyllestad i Sogn.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- «Slik høres stemmen til en dame født i 1835 ut» (NRK Beta). Radiointervju frå 1936 av Theodor Bernhoft Osa.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads