Theodor Herzl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Theodor Herzl (2. mai 1860–3. juli 1904) var ein askenasisk jødisk journalist fødd i Ungarn i det dåverande keisarriket Austerrike-Ungarn. Han er rekna som grunnleggjaren av politisk sionisme.
Han vart journalist for ei avis i Wien. Som korrespondent i Paris frå 1891 til 1895 fylgde han den mykje omtala Dreyfus-saka. Alfred Dreyfus var ein fransk-jødisk offiser. Det synte seg at rettssaka mot han var skipa til av antisemittiske krefter. Målet var å setja han i fengsel for eit brotsverk han ikkje hadde skuld i. Herzl vart mykje påverka av det urettvise i saka, i og med at saka var reist berre på grunn av at Dreyfus hadde jødisk bakgrunn.
Etter desse røynslene sette Herzl seg føre å hjelpa det jødiske folket. I 1896 kom boka Jødestaten ut. Boka la fram kvifor jødane måtte skapa sin eigen stat. Palestina såg han som sitt mål, som den stad jødane alltid skulle kunna kalla sin. Jødane trong ein eigen stat for å overleva.
Herzl sette i gang den politiske rørsla som i 1948 nådde målet med å oppretta staten Israel.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Jewish Virtual Library - Theodore Herzl
- The Zionist Federation - Theodore Herzl Arkivert 2004-07-02 ved Wayback Machine.
- Theodore Herzl and the Dreyfus Trial Arkivert 2004-06-12 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads