Theodor von Oppolzer

austerriksk astronom og matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Theodor von Oppolzer
Remove ads

Theodor von Oppolzer (26. oktober 184126. desember 1886) var ein austerriksk astronom og matematikar av bøhmisk opphav.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Etter å ha teke den medisinske doktorgraden i 1864, vigde han seg heilt til astronomien. Han var professor i Wien frå 1875 og arbeidde særleg med utrekning av komet- og planetbanar. Dei viktigaste publikasjonane hans var Lehrbuch der Bahnbestimmung der Planeten und Kometen (1870 og 1880), og Canon der Finsternisse (1887), som inneheld elementa for alle sol- og måneformørkingar i tidsrommet 1205 f.Kr. til 2161 e.Kr.

Han var son av fysikaren Johann Ritter von Oppolzer.

Krateret Oppolzermånen og asteroiden 1492 Oppolzer er namnsette etter han. I tillegg var asteroiden 237 Coelestina namnsett etter kona hans og 153 Hilda og 228 Agathe etter dei to døtrene hans.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads