Thiel Mountains

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thiel Mountains
Remove ads

Thiel Mountains er ei isolert, hovudsakleg snødekt fjellkjede i Antarktis som er 72 km lang. Fjella ligg om lag mellom Horlick Mountains og Pensacolafjella og strekkjer seg frå Moulton Escarpment i vest til Nolan Pillar i aust. Av fjell i fjellkjeda finn ein Ford Massif (2810 moh), Bermel Escarpment og ei gruppe toppar i aust nær Nolan Pillar. Fjella vart observert og først plassert av USARP Horlick Mountains Traverse Party, 1958-59. Fjella vart kartlagd av USGS Thiel Mountains i 1960-61 og 1961-62.[1]

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Thiel Mountains vart namngjeven av US-ACAN etter dr. Edward C. Thiel, som var seismolog ved Ellsworth-basen og Pensacolafjella i 1957.

Thumb
Fylling av drivstoff i Thiel Mountains

Eit drivstoffdepot ligg nær Thiel Mountains for flyreiser mellom Patriot Hills og Amundsen-Scott-stasjonen. [2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads