Things Have Changed
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Things Have Changed» er ein song frå filmen Wonder Boys, skriven og framført av Bob Dylan[1] og gjeven ut på singel 1. mai 2000. Songen vann både Oscarprisen for beste originale song[2] og Golden Globe for beste orignale song.[3]
Remove ads
Innspeling
Dylan-kritikarane er usamde om når songen vart spelt inn. I følgje Olof Björner vart songen spelt inn i mai 1999 i Sterling Sound i New York.[4] Clinton Heylin meiner at songen vart spelt inn i Sony Studios i New York, truleg 25. og 26. juli 1999. På desse datoane var Dylan på turné i USA med Paul Simon.[5]
Kjeldene er samde om at musikarane på innspelinga var turnébandet til Dylan på den tida: Charlie Sexton og Larry Campbell på gitar, Tony Garnier på bass og David Kemper på trommer.[4]
Kemper har sagt «Me var på turné og hadde ein dag fri i New York. Bob sa 'I morgon dreg me i studio. Eg har ein song eg vil spele inn'. Me gjekk inn og spelte inn 'Things Have Changed' med berre ein lydteknikar. Me gjorde to forsøk. Den første var ein New Orleans-sak. Den andre var opptaket som vart nytta. Så i løpet av fem timar hadde me lært oss songen, spelt han inn og miksa han.»[5]
Remove ads
Mottaking
Singelen gjekk inn på Billboard Hot 100. Singelen nådde 58. plassen på UK Singles Chart i oktober 2000.[1]
Innhald
- 7"-singel (COL 669379 7) — avgrensa utgåve[6]
- A «Things Have Changed» – 5:08
- B «Blind Willie McTell» (konsertopptak) – 7:01
- CD promosingel (COL 669333 1) — Europa[7]
- «Things Have Changed» (Radio Edit) – 3:37
- «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:10
- CD-singel (COL 669333 2)[7]
- «Things Have Changed» (Radio Edit) – 3:37
- «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:10
- «Hurricane» – 8:33
- «Song to Woody» (Live) – 4:26
- Things Have Changed/Dylan Alive Vol. 3 (SRCS 2306) — japansk EP-utgåve[7]
- «Things Have Changed» – 5:09
- «Highlands» (Live) – 11:19
- «Blowin' in the Wind» (Live) – 7:10
- «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:11
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads