Third
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Third er det tredje studioalbumet til det britiske jazzrockbandet Soft Machine, gjeve ut i 1970 som eit dobbeltalbum, der kvar side på den originale vinylutgåva bestod av ein enkelt lang komposisjon.[4]
Remove ads
Oversyn
Musikalsk utforskar dei den gryande jazz-fusion-stilen som Miles Davis presenterte på Bitches Brew, som kom ut berre nokre månader tidlegare. Third markerer det største av fleire musikalske skifte i karrieren til Soft Machine, og fullførte overgangen frå psykedelisk rock til jazz, og er ein viktig milepåle i Canterbury scene, med samspel mellom medlemmane i bandet: Mike Ratledge på klaverinstrument, Robert Wyatt på trommer, Hugh Hopper på bass og det nyaste medlemmet Elton Dean på saksofon. Lyn Dobson spelar saksofon og fløyte på «Facelift», spelt inn medan han var eit fullverdig medlem av bandet (då ein kvintett), sjølv om han berre er tilskriven som studiomusikar. Jimmy Hastings (bror til Pye Hastings frå Caravan) spelar òg fløyte og klarinett på «Slightly All The Time», frijazz-fiolinisten Rab Spall (då bandmedlem med Wyatt i bandet Amazing Band) kan ein høyre i avslutninga på «Moon In June» og Nick Evans (eit medlem av bandet den korte perioden dei var sju stykk) gjer ein særs kort framføring med trombone på «Out-Bloody-Rageous».
I Q & Mojo si klassiske spesialutgåve Pink Floyd & The Story of Prog Rock (2005), vart albumet plassert på 20. plass på lista over «40 kosmiske rockealbum».[5]
I 2007 vart albumet gjeven ut på ny av Sony BMG med ein heil bonus-CD med konsertopptak av heile albumet, Live at the Proms 1970, som tidlegare berre hadde vore gjeven ut på eit lite sjølvstendig selskap kalla Reckless Records i 1988. Dette albumet vart spelt inn på The BBC Proms i Royal Albert Hall i Westminster i London, for BBC Radio Three den 13. august 1970.[6][7][8] Dette var første gongen eit popband spelte på den klassiske festivalen.[6]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Mike Ratledge – Hohner Pianet, Lowrey orgel, piano
- Hugh Hopper – bassgitar
- Robert Wyatt – trommer, vokal, samt (ikkje oppført) Hammond Orgel, Hohner Pianet, piano, bass (3)
- Elton Dean – altsaksofon, saxello (except 3)
med
- Lyn Dobson – sopransaksofon, fløyte (1)
- Jimmy Hastings – fløyte, bassklarinett (2)
- Rab Spall – fiolin (3)
- Nick Evans – trombone (4)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads