This av Peter Hammill

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

This er det 26. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans Fie! Records i 1998. Det inneheld varierande komposisjonar, frå minimalisme i den siste songen, «The Light Continent», til den røffe, nesten Nadir-aktige «Always is Next», den komplekse «Unrehearsed» og balladen «Since the Kids». Peter Hammill framførte songen «Unrehearsed» mange gonger på konsertane sine. «Nightman» kan høyrast på konsertalbumet Veracious (2006).

Meir informasjon Peter Hammill-kronologi ...
Remove ads

Produksjon og instrumentering

Albumet vart spelt inn, miksa og mastra i Peter Hammill sitt eige studio, Terra Incognita i Bath, mellom januar og juli 1998. Alle instrumenta er spelte og sungne av Hammill, utanom fiolin og bratsj av Stuart Gordon, saksofon og fløyte av David Jackson, og trommer og perkusjon av Manny Elias. Hammill sa om albumet at det «ikkje på noko måte er ei 'band'-plate», og rekna «den samlande faktoren er songane og vokalen heller enn instrumenta».[1] Innimellom songane er små instrumentale fragment[1].

Remove ads

Plateomslag

Plateomslaget syner ein trestubbe og forskjellige ting, som indikerer tida som går.[1] Designet vart laga av RidArt (Paul Ridout).

Innhald

Alle spor skrivne av Peter Hammill

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Alle instrument og all vokal av Peter Hammill utanom:

  • Manny Elias – trommer & perkusjon (2, 3, 6, 8)
  • Stuart Gordon – fiolin & bratsj (2, 5, 6, 7, 8, 9, 10)
  • David Jackson – saksofon & fløyte (2, 3, 5, 8, 10)

Teknisk

  • Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita i Bath)
  • Paul Ridout - design & kunstnarisk leiar

Notes

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads