Thorolf Holmboe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thorolf Holmboe
Remove ads

Thorolf Holmboe (10. mai 18668. mars 1935) var ein norsk kunstmålar, illustratør og designar.

Kjappe fakta
Thumb
Thorolf Holmboe: Teiking av Alstahaug kyrkje

Holmboe var fødd i Vefsn , men voks opp i Alstahaug og, frå han var ti år, i Tromsø, der faren Othar Ervigius var kunsthandlar, tollkasserar og landmålar. Faren var òg ein av grunnleggjarane av Tromsø Kunstforening og ein habil akvarellmålar. Broren Othar Holmboe vart òg kunstmålar.

Thorolf Holmboe tok artium og Krigsskolens nedste avdeling i Kristiania før han i 1886 reiste til Berlin og vart den siste norske eleven av Hans Gude. Han debuterte på Høstutstillingen i 1887 med fleire motiv frå Helgeland. Mot slutten av 1880-alet var Holmboe ei tid i Paris. Her fekk han sjå japanske arbeid, som då var på moten, og han fekk interesse for kunsthandverk og kunstindustri.

Mellom dei illustrasjonane han teikna, er furua som prydar framsida til Nitedals fyrstikkeske, hanen på Sætre kjeks og vikingskip-emblemet til Norsk Hydro.

Holmboe framstilte ei stor mengd bruksgrafikk, herunder òg overrekkingskort og postkort, oftast i jugendstil. Han fekk m.a. trykt ein serie postkort med Nordlandsmotiv, sidan ein serie med silhuett-motiv. Spesielt nordlandsmotiva vart trykte i mange opplag og nådde slik ut til dei breie lag av folket.

Holmboe illustrerte bøker av Vilhelm Krag, Johan Bojer , Jonas Lie og Petter Dass (Nordlands Trompet 1892).

Holmboe fekk Petter Dass-medaljen i 1912.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder:

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads