Thorstein Diesen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halvor Thorstein Romdal Diesen (fødd 7. desember 1862 i Christiania, daud 4. september 1925) var ein norsk jurist, journalist og avisredaktør.[1]

Foto: Narve Skarpmoen
- Denne artikkelen handlar om redaktøren. For fjernsynsmannen, sjå Thorstein Diesen (1894-1962).
Etter ein oppvekst i Enerhaugen tok han examen artium 1881 og vart cand.jur. i 1886. Etter ei tid i avisa Fædrelandet var han dommarfullmektig i Voss og Hardanger 1886-90. Han var redaktør i Bergens Aftenblad 1891-98 før han vart engasjert som sekretær for Høgre av Emil Stang i 1899.
Diesen gjekk til Aftenposten som politisk redaktør 1899-1900. I 1901 byrja han som sakførar i Kristiania, og vart advokat i 1904. Han dreiv òg si eiga avis - Akersposten - fram til 1908. Då vart han nok ein gong politisk redaktør i Aftenposten. Han var redaktør 1913-1925 etter Amandus Schibsted, frå 1920 saman med Frøis Frøisland.
Diesen gav ut verka Folkeafstemning, en historik og en udredning (1912) og Fra riksretten til 1905 (1922).[1] Han omsette også verk frå fransk.
Han var far til journalisten Einar Diesen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads