Thumri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Thumri (hindi ठुमरी, ṭhumrī) er ein vokal musikksjanger eller stil innan nordindisk musikk.[1][2] Han er særleg knytt til kjærleiksdikt og folkesong frå Uttar Pradesh, men det finst regionale variasjonar.[3]

Tekstane i thumri er knytte til bhaktirørsla, som ofte uttrykker religiøse kjensler gjennom romantisk kjærleik. Dei tek ofte for seg tilhøvet mellom Radha og Krishna. Songaren held seg nøye til orda i teksten, men kan gå over frå den opphavlege ragaen til ein annan som han meiner passar til kjenslene i teksten, før han vender tilbake til den opphavlege ragaen.[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads