Thunder and Lightning av Thin Lizzy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Thunder and Lightning er det tolvte og siste studioalbumet til det irske hardrockbandet Thin Lizzy, gjeve ut 4. mars 1983. Gitaristen John Sykes vart henta inn for å erstatte Snowy White etter Renegade frå 1981, og Sykes bidrog til å gi ein tyngre lyd og gitartone enn Thin Lizzy hadde brukt på tidlegare album. Mesteparten av låtskrivinga (bortsett frå «Cold Sweat») var likevel fullført før han vart med i bandet. Klaverspelaren Darren Wharton hadde òg ein sterkare musikalsk innverknad på det siste studioalbumet til Thin Lizzy, og var med på å skriva mange av låtane, inkludert «Some Day She Is Going to Hit Back», og den siste singelen «The Sun Goes Down». Ein avskjedsturné følgde utgivinga av albumet, etterfølgd av livealbumet Life. Medgrunnleggjaren, frontmannen og bassisten i gruppa Phil Lynott døydde i 1986.

Meir informasjon Thin Lizzy-kronologi ...
Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

AllMusic-skribenten Greg Prato proklamerte Thunder and Lightning som «ei klar forbetring» samanlikna med mykje av dei andre albuma deira på 1980-talet, men noterte at plata ikkje var den «beste utgivinga» frå bandet.[2]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Den avgrensa dobbelt-LP-en og kassettversjonen av albumet legg til fire spor, spelt inn live i Storbritannia medan Snowy White framleis var medlem av bandet.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Luksusutgåve frå 2013

I 2013 vart det gitt ut ei luksusutgåve av albumet. Ho bestod av to plater: plate éin inneheldt den opphavlege utgivinga, og plate to inneheldt konsertopptak frå eit Hammersmith Odeon-show i 1981 og ei rekkje demoar.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
  • Spor 1-6 spelt inn live i 1981 på Hammersmith Odeon, London, 27. november 1981.
  • Spor 1-2 opphavleg gitt ut som B-sidene på singelen «Cold Sweat».
  • Spor 3-6 opphavleg inkludert som bonusspor på dobbelt-LP og kassettversjonar av albumet.
  • Spor 7-15 er originale demoversjonar av albumet.
Remove ads

Singler

  • «Cold Sweat» / «Bad Habits» - 4. februar 1983.

Ein dobbel singlepakke og 12« vart også gitt ut, dei andre spora var »Angel of Death« (live) / »Don't Believe a Word" (live).

  • «Thunder and Lightning» / «Still in Love with You» (live) - april 1983.

Ein 12" vart også gitt ut, med dei same to låtane og ein plakat.

  • «The Sun Goes Down» / «Baby Please Don't Go» - juli 1983.

B-sida i Nederland var «Bad Habits».

  • «The Sun Goes Down (Remix)» / «The Sun Goes Down (Remix)» / «The Sun Goes Down (Extended)» / «Baby Please Don't Go» - 12" (1983)

Medverkande

Thin Lizzy

Produksjon

  • Chris Tsangarides – produsent, lydteknikar, miksing
  • Andrew Warwick – lydteknikar
  • Chris Ludwinski – lydbandoperatør, assisterande lydteknikar
  • Ian Cooper – mastering i Townhouse Studios, London

Salslister

Meir informasjon Liste (1983), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads