Tianna Bartoletta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tianna Bartoletta, fødd Tianna Madison (fødd 10. august 1985), er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Elyria i delstaten Ohio som tevlar i lengdehopp og sprintløp. Ho vart verdsmeister i lengdehopp i 2005 i Helsinki, ei bragd ho gjentok ti år seinare i Beijing. I 2016 i Rio de Janeiro vann ho den olympiske gullmedaljen i lengdehopp. Ho sprang startetappen for USA sine gullvinnande lag i 4 x 100 m stafett, i så vel Sommar-OL 2012 og Sommar-OL 2016.
Remove ads
Aktiv
Madison slo gjennom ved VM i friidrett 2005 i Helsinki der ho vann gullmedaljen med ny personleg rekord på 6,89 meter. Også i kvalifiseringa forbetra ho den personlege rekorden, då til 6,83 meter. Ved VM i friidrett 2007 i Osaka greide ho einast 6,47 n i finalen og enda på tiandeplassen. Året etter vart ho nummer fem i lengdehopp i uttaksstemnet til Sommar-OL 2008 og fekk ikkje OL-plass.
I 2012 forbetra Madison dei personlege rekordane på både 100 meter og 200 meter. I mai sprang ho 200 meter på 22,37 i Ponce, deretter sprang ho 100 meter på 10,97 i New York, hennar fyrste løp under 11 sekundar. I slutten av juni forbetra ho 100-meterrekorden sin til 10,96 då ho kom på andreplass ved USA sitt uttak til Sommar-OL 2012, einast Carmelita Jeter på 10,92 var betre. Under leikane i London vart ho nummer fire på 100-metere på tida 10,85 sekundar, fire hundredels sekund bakom bronsevinnaren. Seks dagar seinare vart ho olympisk meister på 4 x 100 m stafett saman med Allyson Felix, Bianca Knight og Carmelita Jeter. Tida 40,82 sekundar var ei forbetring av den 27 år gamle verdsrekorden til Aust-Tyskland med heile 0,55 sekundar.
I VM i friidrett 2015 i Beijing låg Tianna Bartoletta, med eit hopp på 6,95 m, på tredjeplass i lengdetevlinga framfor den siste omgangen. I siste omgangen smelte ho til med ny personleg rekord på 7,14 meter og sikra seg VM-tittelen framom britiske Shara Proctor som i tredje omgang hadde sett nasjonal rekord med 7,07 m. Dermed vann Bartoletta sitt andre VM-gull, ti år etter det fyrste, og to dagar før ho fylte 30 år.
Under dei olympiske sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro deltok Bartoletta i tre ulike tevlingar. Den 13. august prøvde ho å kvalifisere seg til finalen på 100 m, men sprang 0,04 sekund for seint til å gå vidare frå semifinalane. Fire dagar seinare hoppa ho heile 7,17 meter i lengde-finalen og sikra seg gullmedaljen med ein margin på 2 centimeter. 19. august tok ho seg av startetappen for USA sitt vinnarlag i 4 x 100 meter stafett, Allyson Felix, English Gardner og Tori Bowie var dei hine på laget. Etter å ha vunne bronsen i lengdehopp ved verdsmeisterskapen i London i 2017, la ho opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i lengdehopp – 6,89 m, framom Eunice Barber (6,76 m)
- VM 2007 i Osaka: Nr 10 i lengdehopp – 6,47 m
- OL 2012 i London: Nr 4 på 100 m – 10,85. Gullmedalje i 4 x 100 m stafett
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje i lengdehopp – 7,14 m, framom Shara Proctor (7,07 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje i lengdehopp – 7,17 m, framom Brittney Reese (7,15m). Gull i 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalane på 100 m (11,00=nr 9)
- VM 2017 i London: Bronsemedalje i lengdehopp – 6,97 m
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads