Tias Eckhoff

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tias Eckhoff
Remove ads

Mathias Gerhard «Tias» Eckhoff (25. juni 192630. januar 2016) var ein norsk formgjevar fødd i Vestre Slidre.

Kjappe fakta
Remove ads

Utdanning

Eckhoff tok keramikklinja ved Statens håndverks og kunstindustriskole. Han var i praksis som keramikar hjå Saxbo i Danmark, og gjorde mange studiereiser i inn- og utland. Han hadde også praksis ved Bjørre Norsk Keramikk i Asker, saman med Eystein Sandnes, ein annan kjent norsk designar.

Arbeid

Han arbeidde for Porsgrunds Porselænsfabrik frå 1949, som kunstarleg leiar frå 1953 til 1960, og seinare som konsulent. Dei mest kjende servisa han formgav for Porsgrund var Det Riflete (1952) og Glohane (1955), men han formgav også modellar som Regent, Hankø, Nektar og Meny. Han formgav også fleire restaurantservise og sanitære modellar som handvaskar.

Frå 1957 fekk Eckhoff seg eige teiknekontor i Oslo. Han formgav fleire bestikkseriar for Georg Jensen, sylvbestikket Cypress, Lundtofte, stålbestikka Eckhoff, Opus og Fuga, og Norsk Stålpress, stålbestikka Maya, Una, Tiki og Chaco. På 1970- og 80-talet formgav han fleire stablestolar, Ana og Tomi i plast. I 1995 kom ein stol og eit bord i frompressa finer, Bella.

Han har også formgjeve andre ting som nøklar for Trio Ving og kunstglas for Hadeland glassverk.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

(utval)

  • 1953: Lunningprisen
  • 1954: Gullmedalje ved Triennalen i Milano
  • 1957: Gullmedalje ved Triennalen i Milano
  • 1970: Gullmedalje ved Triennalen i Milano
  • 1961: Gullmedalje Deutsche Handwerksmesse i München
  • 1974: Jacob-prisen
  • 11. juni 2006 vart Eckhoff utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for innsats for norsk industridesign.

Representert i desse samlingane

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads