Porsgrunds Porselænsfabrik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Porsgrunds Porselænsfabrik er ein norsk porselensfabrikk som vart grunnlagt i Porsgrunn i 1885. Grunnleggjaren var skipsreiar Johan Jeremiassen, medan tyske Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. «PP», som fabrikken òg vert kalla, er den største turistattraksjonen i Porsgrunn. Fabrikken ligg heilt nede ved elva, ved det venstre bruhovudet til Porsgrunnsbrua, i innløpet til Telemarksvassdraget. I fabrikklokala finst det både utsal og museum.
Remove ads
Historie
Fabrikken vart grunnlagt i 1885 av skipsreiar Johan Jeremiassen. Den tyske porselensspesialisten Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. 10. februar 1887 kunne den fyrste brenninga finne stad.[1]
Produksjonen i Porsgrunn vart vedtatt lagt ned i 2012.[2] Fleire tilsette blei sagt opp,[3] og det meste av produksjonen blei lagt til Tyskland. Men porselenssalet tok seg opp, og selskapet gjekk med overskot att.[4]
Remove ads
Bilete av produkt frå Porsgrunds Porselænsfabrik
- Sjokoladekanne
- Tekanne i Spire designa av Konrad Galaaen og produsert 1952-1985.
- Fløytemugge frå 1928, designa av Nora Guldbrandsen.
- Tekopp frå ca. 1920
- Bartekopp frå ca. 1908.
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads