Tidaholms-traktoren
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tidaholms-traktoren var ein traktor utvikla av Tidaholms bruk rett etter 1. verdskrig[1]. På grunn av sviktande sal av lastebilar og brannbilar[2] ynskte dei å utvida produktspektet, og ein av ingeniørane deira, Kellberg, konstruerte ein trakor [2]. Motoreffekta var oppgjeven til 30 hk og traktoren var beregna på å dra ein 4-skjers plog. Han hadde ein masse på 3700 kg, så masse/effekt-tilhøvet var på 123 kg/hk.

I 1919 vart det produsert 20 traktorar, og to av dei vart sendt til gardsbruk i nærleiken av fabrikken for å testast ut. Traktoren var beregna til å kjøyrast med høgre hjulpar i fora ved pløying, men det synte seg at dei breie bakhjula førte til at fora vart pressa saman, så han måtte køyrast med begge hjulpara på upløyd mark. Lastebilane og brannbilane til Tidaholms hadde eit godt rykte, men traktor deira vart ikkje godt motteken. Han var gamaldags og synte seg lite skikka til pløying, som på denne tida var den viktigaste grunnen til å investera i ein traktor. Ingen av traktorane vart selde, så i 1923 vart dei skrota og noko av delane vart nytte i lastebilproduksjonen[1].
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
