Tidsskrift

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tidsskrift
Remove ads

Tidsskrift er eit skrift eller blad som kjem ut med jamne mellomrom. Eit tidsskrift inneheld gjerne artiklar som handlar om eit meir eller mindre avgrensa emne. Ei avis kjem i regelen ut oftare enn eit tidsskrift. Som synonym for tidsskrift som kjem regelbunde, vert ofte periodika nytta (fleirtal av periodikum). Om eit tidsskrift kjem ei gong til året, vert det ofte kalla årbok. Tidsskrifter kan òg verta kalla magasin og omtalast som vekeblad og månadsblad, etter kor ofte dei kjem ut.

Thumb
Tidsskrift

Eit tidsskrift kan verta utgjeve som eit medlemsblad, sendt til folk som er medlem av ei foreining eller ei interessegruppe. Andre tidsskrift kan ein tinga eller kjøpa i laussal.

Det første danske-norske tidsskriftet var Nye Tidender om Lærde Sager, som byrja å koma ut i 1720.

Eit tidsskrift kan identifiserast eintydig ved hjelp av ISSN-nummeret.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Tidsskrift


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads