Tim Davis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Timothy L. «Tim» Davis (29. november 1943–20. september 1988)[1] var ein amerikansk trommeslagar, songar og låtskrivar, mest kjend for å ha vore med å skipe Steve Miller Band.
Biografi
Davis vart fødd i Milwaukee og voks opp i Janesville i Wisconsin. Han spelte på dei første fem albuma til Steve Miller Band, og bidrog med både solo- og korvokal, i tillegg til at han skreiv songar. Davis slutta i bandet for å arbeide med andre artistar, som Ben Sidran, og for å satse på ein solokarriere. Kort tid etter han slutta i bandet, gjekk Davis inn i eit band med David Lindley for Terry Reid, og spelte på Isle of Wight-festivalen i 1970.[2]
Davis hadde ein liten hit i 1972, «Buzzy Brown», skriven i lag med James «Curley» Cooke, som òg spelte i Steve Miller Band. Davis fortsette å arbeide med Steve Miller i periodar, og skreiv to songar i lag med MIller i 1984 for Steve Miller Band-albumet Italian X Rays.[3]
Davis døydde i 1988 etter komplikasjonar med diabetes.
Remove ads
Diskografi
Steve Miller Band
Solo
- 1972 Pipe Dream
- 1974 Take Me As I Am
I lag med andre
- 1967 Chuck Berry, Live at the Fillmore Auditorium[7]
- 1968 Jefferson Airplane, Crown of Creation
- 1971 Ben Sidran, I Lead A Life
- 1973 Ben Sidran, Puttin' In Time On Planet Earth
Samlingar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads