Tim Hart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Tim Hart (9. januar 194824. desember 2009) var ein engelsk visesongar og multi-instrumentalist, mest kjend for å ha vore med å starte opp det britiske folkrockbandet Steeleye Span.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Hart byrja å spele med Maddy Prior i 1966 på forskjellige viseklubbar i England. I 1968 og 1969 spelte duoen inn to album: Folk Songs of Olde England, Volum 1 og 2.

Frå 1970 til 1982 var Hart og Prior ryggrada i Steeleye Span. Her bidrog Hart med musikalsk dugleik på ei rekkje instrument, somme elektriske, som akustisk gitar, dulcimer, orgel, banjo, mandolin, bjøller, tabor og skei, i tillegg til at han song.[1] Hart song nesten berre på dei tradisjonelle songane bandet spelte inn. Steeleye Span nådde størst suksess i 1975. Dei turnerte i USA og Australia og brukte stadig oftare elektriske instrument. Det gjekk nedover med platesalet etter kvart og i 1978 annonserte dei ein farvellturné i Storbritannia. Dei kom derimot saman att i 1980-åra og bandet er framleis aktivt i dag.

Då bandet vart oppløyst nytta Hart høve til å gje ut eit soloalbum, Tim Hart, i 1979. I 1981 spelte Hart inn to album med barnesongar.

Helsa til Hart vart dårleg og i 1988 flytta han til La Gomera, ei lita øy i Kanariøyane. Han gav seg då med musikken og vart forfattar og fotograf. Han skreiv mellom anna e reisehandbok for La Gomera, La Gomera: A Guide to the Unspoiled Canary Island (2004) der han tok alle fotografia sjølv.

I desember 2008 fekk Hart diagnosen lungekreft og vende attende til England for å få medisinsk hjelp.[2] I desember 2009 reiste han heim att til La Gomera, der han døydde i heimen sin på julaftan, 61 år gammal.[3]

Remove ads

Diskografi

Tim Hart and Maddy Prior

  • Folk Songs of Olde England Vol. 1 (1968)
  • Folk Songs of Olde England Vol. 2 (1968)
  • Summer Solstice (1971)

Tim Hart

  • Tim Hart (1979) Chrysalis CHR 1218

Tim Hart and Friends

  • My Very Favourite Nursery Rhyme Record (1981)[4]
  • The Drunken Sailor and other Kids Songs (1983)

Bøker

  • Throbs (1978)
  • La Gomera: A Guide to the Unspoiled Canary Island (2004)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads